Tolkningsuttalelse fra DFØ publisert i 2011
På bakgrunn av at Direktoratet for økonomistyring (DFØ) har fått fleire spørsmål frå statlege verksemder om tolking av Rundskriv 105 – Bruk av betalingskort i statlege verksemder ved kjøp av varer og tenester, datert 11.11.2015, vil vi komme med følgjande presiseringar:
- Rundskrivet skil ikkje mellom reiser der éin eller fleire personar deltek. Det vil eventuelt vere opp til verksemda å fastsetje interne retningslinjer for det, jf. pkt. 4, avsnitt 2 i rundskrivet.
- Rundskrivet opnar for at verksemda kan bestille reiser som fell innanfor kategorien "mindre kjøp", ved hjelp av eit verksemdskort (firmakort med bedriftsansvar), jf. pkt. 4, avsnitt 3 i rundskrivet. Slik bestilling kan til dømes skje over Internett. Det kan vere bestilling for éin eller fleire personar ved hjelp av same kortet. Nærmare reglar må i så fall fastsetjast i retningslinjene verksemda utarbeider. Firmakort med personleg ansvar kan sjølvsagt òg brukast til slike bestillingar.
- Verksemdskort skal vanlegvis ikkje brukast på tenestereiser, jf. pkt. 4, avsnitt 4 og pkt. 5, avsnitt 2. Rundskrivet opnar likevel for avgrensa bruk etter nærmare retningslinjer som verksemda har fastsett. Det er i denne samanhengen omtalt som døme å knyte verksemdskort til bruk av bestemte transportmiddel, jf. såkalla taxikort.