Personvern
Denne personvernerklæringa handlar om korleis vi samlar inn og bruker informasjon om besøkande på nettsidene våre.
DFØ, ved direktøren, er ansvarleg for handteringa av personopplysningar i verksemda. Det er frivillig for dei som besøker nettsidene å gi personopplysningar i samband med tenester som å ta imot nyheitsbrev eller melde seg på kurs. Erklæringa støttar opp om personvernforordninga (GDPR) som tredde i kraft juli 2018.
Føremålet med handteringa av personopplysningar er å tilby tilpassa innhald, kurs og seminar som skal heve kompetansen til statstilsette.
Grunnlaget for innsamling og handtering av personopplysningar er heimla i artikkel 6 nr. 1 bokstav f), de berettigede interessene som forfølges av den behandlingsansvarlige eller en tredjepart. Vi ser på det som ei særinteresse for statstilsette å få tilbod om kompetansehevande tiltak på tvers av statlege verksemder.
Typane personopplysningar som vi samlar inn er namn, e-post, telefonnummer og arbeidsstad. Vi samlar ikkje inn særlege kategoriar av personopplysningar, som til dømes sensitive opplysningar.
Den registrerte kan reservere seg dersom ein ikkje lenger ønskjer å få tilbod frå DFØ.
Den registrerte har rett til å få innsyn i kva for data som blir brukt, rett til å få data sine korrigert eller sletta, og rett til å klage til datatilsynet om til dømes den registrerte meiner at personopplysningane ikkje er brukt i samsvar med føremålet til handteringa.
Som ein viktig del av arbeidet med å lage brukarvenlege nettstader, ser vi på brukarmønsteret til dei som besøker nettstadene. For å analysere informasjonen brukar vi analyseverktøyet Matomo for dfo.no, arbeidsgiver.dfo.no, okstat.dfo.no, anskaffelser.no, statsregnskapet.dfo.no, evalueringsportalen.no, kudos.dfo.no og startoff.anskaffelser.no, og Google Analytics for virksomhetsplattformen.difi.no og laeringsplattformen.difi.no.
Informasjonen som blir samla inn, blir lagra lokalt på våre eigne serverar. Berre rapportar med avidentifiserte data kan bli delt med våre samarbeidspartnarar.
Eksempel på kva statistikken gir oss svar på er
Informasjonskapslar (cookies) er små tekstfiler som blir plassert på datamaskina di når du lastar ned ei nettside.
Desse informasjonskapslane blir brukt på dfo.no, arbeidsgiver.dfo.no, blogg.dfo.no, okstat.dfo.no, anskaffelser.no, evalueringsportalen.no, kudos.dfo.no, startoff.anskaffelser.no og statsregnskapet.no:
Desse informasjonskapslane blir brukt på arbeidsgiver.difi.no, virksomhetsplattformen.difi.no og laeringsplattformen.difi.no:
I tillegg blir desse informasjonskapslane brukt på statsregnskapet.no:
Vi brukar Tableau for å vise fram statistikk på nettstadane våre. Desse informasjonskapslane blir plassert av Tableau:
Informasjonskapsel | Domene | Beskrivelse | Databehandler |
---|---|---|---|
JSESSIONID | .nr-data.net | Sesjons-ID. | Tableau |
_ga | .tableau.com | Statistikk for Tableau. | Google Analytics |
_gid | .tableau.com | Statistikk for Tableau. | Google Analytics |
_gat | .tableau.com | Statistikk for Tableau. | Google Analytics |
tableau_locale | public.tableau.com | Brukes for å sette de riktige lokalinstillingene, som for eksempel desimal- og tusenskilletegn ( , . ) i tall. | Tableau |
tableau_public_negociated_locale | public.tableau.com | Tableau |
Det er mogleg å abonnere på ulike typar informasjon frå oss. Dersom du ønskjer å abonnere, må du registrere dette saman med e-postadressa di, slik at vi kan sende deg den informasjonen du ønskjer.
Vi lagrar også informasjon om bruken av abonnementet ditt, for å sjå kva for e-postar som kjem fram, kor mange som les dei, og kva for lenker som blir klikka på i e-postane, slik at vi kontinuerleg kan jobbe med å betre innhaldet i e-postane vi sender ut.
Vi deler ikkje opplysningane med andre.
Når du melder deg inn i eit fagleg nettverk, melder du deg i realiteten på eit e-postabonnement (sjå over), men for nettverka ber vi deg oppgi fornamn, etternamn, arbeidsstad og om du er i ei leiarstilling i registreringsskjemaet. Desse opplysningane blir lagra.
Formålet med registreringa er å gi oss nødvendig informasjon for korrekt registrering og administrasjon av deltakarar på arrangementa våre (kurs, seminar, webinar m.m.), samt forbetre tilbod og kvalitet på arrangementa og leggje til rette for deltakarar med spesielt behov (til dømes matallergi).
Dette blir registrert på deg:
Ved behov kan dette også bli registrert om deg:
Behandlingsgrunnlaget følger av Personvernforordningen 6 (1) b): behandlingen er nødvendig for å oppfylle en avtale som den registrerte er part i, eller for å gjennomføre tiltak på den registrertes anmodning før en avtaleinngåelse.
Rettsleg grunnlag for behandling av informasjon om matallergi og nedsetting av funksjonsevna følger av Personvernforordningen 9 (2) a): den registrerte har gitt uttrykkelig samtykke til behandling av slike personopplysninger.
Dine personopplysningar vil ikkje bli overført til andre verksemder. Namn og verksemd kan bli gjort tilgjengeleg på deltakarlister som blir delt til deltakarar og instruktørar. Personopplysningar blir lagra fram til at fakturering, nødvendig statistikk og rapporteringar er gjennomført.
Opptak av DFØ sine nettseminar kan bli publisert på vår Youtube-kanal, lenka til på våre nettsider, eller bli brukt til opplæringsformål. Deltakarar som stiller spørsmål i chatten eller held innlegg med video eller lyd, blir også synleg på opptaka.
Deltager AS er leverandør for påmeldingsløysinga. Vi bruker e-postadressene til å distribuere evalueringar i etterkant av kurs og seminar via vår leverandør, Questback.