2.2 Rutine for avtaleregnskap
Formålet med rutina er å sikre oppfølging av avtalar, eksempelvis utbetaling av tilskot.
Eit tilskot eller eit beløp i samsvar med kontrakt skal utbetalast frå verksemda.
Avtalemodulen i Unit4 ERP viser kva som er til rådigheit ved å samanlikne midlar som er brukt og bunde opp mot planlagt forbruk.
Utførast av | Oppgåve - handling |
Verksemd | Behandling av søknad om tilskot Motteke søknad behandlast ved å anten godkjenne eller avvise. |
Verksemd | Utøving av budsjettmyndigheit Ein person med budsjettdisponeringsmyndigheit signerer og konterer avtala. Avtala sendast vidare til registrering og bokføring. |
Verksemd | Registrering av avtala Kontroller konteringa og registrer avtala i avtalemodulen. |
DFØ | Bokføring og utbetaling Bokfør avtala i hovudbok ut frå tilsendt grunnlag frå verksemda. Innan tidspunkt for utbetaling bokførast aktuelt beløp ut frå tilsendt grunnlag frå verksemda. Ei avtale kan utbetalast over fleire ratar. Utbetalingsbrevet må være signert av person med budsjettdisponeringsmyndigheit. |
DFØ | Remittering DFØ sender betalingsfil til bank ut frå bestilling frå verksemda. |
Gyldig frå 1. februar 2016