DFØ og Difi har utarbeidd seks råd til departementa om korleis slik styring best kan gjennomførast. Råda er baserte på erfaringar frå toppleiarar, mellomleiarar og medarbeidarar i departement og verksemder som har vore involverte i konkrete tidsavgrensa samarbeidsoppgåver som ein strategi eller handlingsplan.
Seks råd om god styring av samarbeidsoppgåver:
- Vert einige om felles verdiar og prinsipp for samarbeidet: Tillit, pragmatisme, openheit
- Få ei felles forståing av problem, interesser og moglegheiter
- Få ei felles forståing av omfanget av, og ambisjonsnivået for samarbeidet
- Etabler forankring på politisk og administrativt nivå som gir eigarskap over tid
- Gi verksemdene fridom med omsyn til korleis dei løyser oppgåvene
- Bruk som hovudregel dei ordinære og etablerte styringsstrukturane, og sørg for gode samordnings- og samarbeidsstrukturar på tvers